Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Lånekort

Når du har lånekort på biblioteket, har du høve til å låna bøker, tidsskrift, filmar og andre media gratis. Alle som bur i Noreg kan få lånekort, mot å visa legitimasjon. Barn får vanlegvis sitt eige lånekort når dei begynner i 1. klasse, etter godkjenning av foreldre/føresette.

Nasjonalt lånekort

Eit nasjonalt lånekort kan du bruka ved alle bibliotek i Noreg. For å få eit Nasjonalt lånekort må du registrera deg med fullt fødselsnummer (11 siffer).

Med lånekortet kan du logga deg inn i appen eBokBib og låna e-bøker. Du kan også lasta ned appen Bibliofil og få enkel tilgang til Mine lån, lånekort på mobilen og til Pressreader – digitale aviser på nett. På biblioteket kan du låna sjølv på utlånsautomaten ved skranken om du har med lånekort.