Velkomen til biblioteket for å lesa aviser digitalt. Pressreader er ei teneste som gjev tilgang til over 6500 aviser og magasin i komplett digital utgåve frå meir enn 100 land på over 60 ulike språk. Her finn du nye aviser og magasin om hage, helse, foto, historie, mat , teknologi og mykje meir.  

Last ned appen på App Store eller Google Play. Logg deg deretter på heimesida til biblioteket med lånenummer og passord og velg "Digitale tenester" og PressReader. Tilgangen må fornyast etter 7 dagar, men publikasjonar som er lasta ned kan lesast også etter dei 7 dagane.

Når du er pålogga biblioteket sitt trådlause nett, får du automatisk tilgang til PressReader, og i dei påfølgande 7 dagane kan du lasta ned aviser og tidsskrift på biblioteket og heime. Deretter kan du koma på biblioteket og fornya tilgangen. 

På pcar kan du kopla deg på biblioteket sitt nettverk og gå til pressreader.com