Me får fyrst foredrag av Ragnhild Anderson. Ho skal snakke om dialektutviklinga i Sogndal, og gje svar på spennande spørsmål som korleis dialekta har endra seg, og om ho framleis er i endring. Etter foredraget blir det utdeling av Sogndal mållag sin målpris, og samtale med prisvinnaren om nynorsk og sognamål som formidlingsreiskapar.

Av omsyn til smittevern må ein melde seg på på førehand ved å sende ein e-post til skranke@sogndal.folkebibl.no, eller ringe 57 62 96 60. 

Det er avgrensa med plassar, så det er lurt å vere om seg.

Me oppmodar til å følge gjeldande smittevernråd og å nytte munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand til andre.

Gratis inngang.

Velkomne!