Kontakt biblioteket for å melda deg på: 

Tlf. 57 62 96 60

E-post: skranke@sogndal.folkebibl.no

Gratis inngang.

 
Om forelesinga:
Forelesinga Mellomalderen – krosstog og kongedøme ser utviklinga i Europa etter Romarrikets fall på 400-tallet e.v.t. Det som følgde var ei tredelt verd, nemlig mellom latinske Europa, det ortodokse Bysants og den islamske verda. 
 
Frå å vera ei regelrett bakevje vart Europa frå omkring år 1000 i aukande grad prega av ei politisk sentralisering, som la grunnlaga for framveksten av mange nye kongedøme. 
Samstundes kom krosstoga til å prega kontakten mellom det kristne Europa og den islamske verda.
 
Fleire arrangement i foredragsrekka om verdshistoria:
Torsdag 1. oktober kl. 19.00: Tidleg nytid - den moderne verda tek form v/Knut Øyangen, HVL
Måndag 2. november kl. 19.00: 1700-1914: Frå opplysningstida til første verdskrig v/Knut Øyangen, HVL
Torsdag 12. november kl. 19.00: Etter 1914: Frå verdskrigar til verdsvev v/Yngve Nilsen, HVL