Denne måndagen kjem førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen til biblioteket for å halde det fyrste av seks foredrag om verdshistoria.

Forelesinga fylgjer menneskets utvikling, frå opphavet i og utvandringa frå Afrika, frå jeger og sankarar til jordbruksrevolusjonen og dei fyrste byane, til framveksten av dei fyrste sivilisasjonane.

Nokre sivilisatoriske «hotspots», som t.d. elvekulturane i India, Kina, Mesopotamia og Egypt, vil stå sentralt. 

 

Heile foredragsrekka ser slik ut:  

Måndag 24. februar: Menneske og dei fyrste sivilisasjonane.

Torsdag 5. mars:      Antikken - frå bystat til imperium.

Torsdag 12. mars:    Mellomalderen - korstog og kongedømme.

Måndag 16. mars:    Tidleg ny tid - den moderne verden tar fram.

Måndag 23. mars:    1700 - 1914: Frå opplysingstida til fyrste verdskrigen.

Måndag 30. mars:    1914 - 2000: Frå verdskrigar til verdsvev.