Kva gjeld i biblioteket no?

  • Besøk i biblioteket: 
    • Det er ingen avgrensingar på kor mange som kan opphalda seg i biblioteket samtidig.
    • Biblioteket er ope for lengre opphald, sittegrupper og spel er tekne fram att.
  • Arrangement:
    • Det er ingen avgrensingar på tal publikum.
    • Biblioteka vil ha påmelding til arrangementa i haust.
  • Skular og barnehagar:
    • Me ynskjer at skular og barnehagar framleis tek kontakt på førehand og avtalar besøk, for å unngå trengsel i barneavdelinga vår.
    • Me ynskjer framleis at skuleklassar kjem med halve klassen i gongen.

Me oppmodar framleis til å følgja regjeringa sine råd om hyppig handvask og å halda seg heime ved sjukdom. Og vis omsyn til kvarandre når me sakte, men sikkert, kjem tilbake til ein normal kvardag.

Velkomne inn til oss i biblioteka!