For at me skal sikra god avstand mellom kvarandre, er det avgrensingar på kor mange som kan opphalda seg i biblioteket samtidig, nærare informasjon om dette finn du i dei ulike biblioteklokala. 

Bestill gjerne på nett før du kjem: https://sogndal.bib.no/cgi-bin/m2, eller på telefon eller e-post. Dersom du ønskjer det, kan me finna fram og låna ut bøkene til deg på førehand, og du treng berre å henta dei på biblioteket. Ta kontakt med oss dersom dette er ønskjeleg. 

Biblioteka har PC'ar tilgjengeleg for utskrifter, scanningar og liknande, desse blir vaska etter kvar bruk.
 

Besøk av grupper frå skular og barnehagar:

Skuleklassar og barnehagar kan besøka oss utanom opningstid, etter avtale. Ta kontakt for å gjera avtale.