Her finn du eit utval av nyare teikneseriar me har på biblioteket. Du kan bestilla desse og andre teikneseriebøker hjå oss.  

 

lightfall.jpg  

Lightfall: Kampen mot mørket
Bea og Cad er to bestevenner, som må leggja ut på eit stort eventyr for å redda den magiske planeten Irpa. Om dei ikkje gjer noko, vil planeten hamna i eit evig mørke. For å redda han må dei ut på ei lang reise for å finna den einaste som kan hjelpa. Fantasy for mellomtrinnet.
 

 krypto.jpg

Krypto: Orkanen
For ikkje lenge sidan flytta Ophelia til den vesle kystbyen Saltfjord for å bu med den nye fosterfamilien sin. Der vart ho raskt kjend med naboen, fiskaren Bernard, som deler Ophelia sin fascinasjon for undersjøiske vesen. Saltfjord viser seg å vera ein by heilt utanom det vanlege. Det er nokon merkelege vesen i sjøen, og ryktet seier at det kan vera eit sjømonster. Teikneserie for mellomtrinnet.
 

 

nikoline.jpg

Nikoline: Fabeldyrets hemmelighet
Nikoline studerer kryptozoologi på øya Vorn. No har klassekameraten Adrian forsvunne etter å ha forheksa fleire av vennene deira. Nikoline og venninna Vilma finn eit magisk fabeldyr som berre Nikoline kan sjå. Dette er ei forteljing om ei verd full av utrulege skapningar, spennande opplevingar, magi og vennskap. Teikneserieroman for mellomtrinnet.

 

 

spesialklassen.jpg

Spesialklassen
Steven er son til sjefen for det populære iBrain-selskapet. Han har alt, til og med den nyaste versjonen av iBrain, som gjer at du kan vera tilkobla heile døgnet, utan verken mobil eller pc. Alt er kobla direkte til hjernen. Ein dag byrjar Steven å oppføra seg ukontrollert fjollete, og etterpå hugsar han ikkje kva han har gjort. Han forstår ikkje kva som skjer med han. Det ser ut som at nokon har hacka seg inn i Steven sin hjerne. Forteljing for mellomtrinnet.

 

karibav.jpg

Kariba: Elvens hemmelighet

Bli med på ei forgløymeleg reise opp Kariba-elva i Afrika! Siku er ei heilt vanleg jente. Det trur ho i alle fall sjølv. Far hennar jobbar på den enorme Kariba-demningen for å finansiera skulegongen hennar. Ein dag kjem han ikkje tilbake, og Siku må dra ut for å finna han. Saman med guten Amedeo drar ho oppover den farlege elva. Der ventar mange farar: sjørøvarar, pengegriske forretningsmenn, skumle lykkejegarar og mørk magi. Etter kvart som Siku forstår kor farleg, fantastisk og magisk verda kan vera, anar ho også meir og meir om kva for krefter ho sjølv har.

Bestill boka

 

hundemannen.jpg

Hundemannen håver inn
Hundemannen, politimann med hundehovud og tilhøyrande instinkt må samarbeida med Petter, verdas ondaste katt, og verda er avhengig av at dei klarar det. 8. bok i den populære serien om Hundemannen. Forteljing for småskule-/mellomtrinnet.
 
 
 
jdal.jpg
Nordlys
Sonja får ein kveld besøk av ein gut som er nesten som ho sjølv, men likevel ikkje. Han er frå den andre verda, Jotundalen, og tek ho med på ei reise til hans rike. For å komma dit må dei reisa med nordlyset. Ei fin bok om ei magisk reise med mellom anna troll, norrøne guder og snakkande dyr.

 

 

tikniver.jpg

Ti kniver i hjertet
Tuva går i sjuande klasse og skriv dagbok. Ho trur ho har lyst til å bli forelska, men er usikker på kven ho likar. Samtidig opplever ho at venninnene hennar Linnea og Bao kranglar, for Linnea har fått kjærast og har ikkje tid til Tuva og Bao. Tuva veit ikkje kva for side ho skal velja. Så dukkar Mariam opp. Kanskje ho er den Tuva likar best av alle?