Besøk av skuleklassar på biblioteket

Vi tek gjerne i mot skuleklassar og grupper på biblioteket. Kvart år får 3., 6., og 8. klasse særskild invitasjon til å koma på klassebesøk på biblioteket, men alle klassar er velkomne. Ta kontakt for å avtala tidspunkt på e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no eller tlf. 57 62 96 60.

Eit besøk kan innehalda:

  • kort orientering om biblioteket og barneavdelinga
  • få hjelp til å finna bøker, rettleiing
  • bokprat og/eller høgtlesing

Bokkassar  

Vi lagar gjerne til bokkassar som kan brukast i klassen. Bokkassane kan innehalda både skjønnlitterære bøker  (barne- og ungdomsromanar, lettlestbøker eller biletbøker) og faktabøker.

Klassesett

Lærarar kan låna sett med bøker til bruk i undervisninga frå Bibliotekutvikling Vestland. Eit ordinært klassesett består vanlegvis av 25-30 eksemplar av same bok, men ein kan også låna gruppesett, som består av 5-15 eksemplar av same bok. Ein del lærarar vel å låna fleire gruppesett til klassen sin i staden for at heile klassen skal lesa same bok. Ta kontakt med fylkesbiblioteket direkte for å bestilla. Bestilte klassesett hentast på Sogndal bibliotek i Kulturhuset. 

 

Barnehagar på biblioteket

Barnehagane er velkomne til å besøka biblioteket. Barna kan lesa bøker, teikna, pusla puslespel, lytta til musikk og lydbøker medan dei er her, og ein kan låna bøker med tilbake til barnehagen. Vi gir gjerne tips om gode og nye biletbøker og hjelper til med å finna litteratur som passar til ulike tema barnehagen jobbar med.

Barnehagebibliotek

Fleire av barnehagane i Sogndal kommune har sitt eige barnehagebibliotek. Ta kontakt med biblioteket om din barnehage ønskjer å få eit lite minibibliotek. Då leverer vi frå biblioteket bokkassar i barnehagen, slik at barn og foreldre kan låna bøker med seg heim. Bøkene blir bytta ut nokre gonger i året. Vi kan òg ha ei lita lesestund når vi leverer bøker i barnehagen, ta kontakt om dette er ønskjeleg.