Me får høyra ei forteljing om å leva med stigande uro og å leva midt i klimaendringane.
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard.
Line Nagell Ylvisåker frå Sogndal har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr.
Kjenslene byrja å ta overhand, og ho får behov for å ta grep, forstå kva som eigentleg skjer, korleis naturen heng saman.
Det er høve til å få med seg foredraget både i Balestrand, Sogndal og på Leikanger.
Kontakt biblioteka for å melda deg på:
Sogndal:
Tlf. 57 62 96 60
E-post: skranke@sogndal.folkebibl.no
Leikanger:
E-post: leikangerbib@sogndal.kommune.no
Balestrand:
Tlf: 400 35 539
E-post: balestrandbib@sogndal.kommune.no